No kan ein verkeleg sei at hausten er her, og kva er vel meir haust enn fårikål? Fårikål er ein enkel rett med kun fem ingrediensar: fårekjøtt, kål, salt, pepar og poteter. Enn så enkel denne retter er, er den til dags dato noko av det skumlaste eg har laga. Dette er ein rett som mange har eit forhold til og eg blei rett og slett litt nervøs for å gjera feil.
Så då vart det sjekka både to og tre sider på nett, samt ei kokebok og to. Det stod stort sett det overalt, men på den einesida hadde ein kokk sitt eit godt tip til betre smak: Gi fårikålkjøttet eit raskt oppkok (utan kål), ha deretter av alt vatnet og skyll og vaske det godt i lunka vatn. Dette skal ein gjera for å bli kvitt beinsplintrar og eggekvitestoff/blod frå kjøttet. Etter dette gjer ein som vanleg.
Heldigvis var mi bekymring for at detta ikkje skulle bli vellykka heilt unødvendig, fårikålen smakte heilt nydeleg :)
Til 2-3 porsjonar treng du:
- 1 kg fårikålkjøtt
- 1 kg hovudkål
- salt pepar
- 3 dl vatn
- 3-4 poteter
Del kålen i båtar. Legg kjøtt og kål lagvis i panna. Kjøttet skal liggja nederst med feittsida ned. Strø salt og pepar mellom laga. Du kan òg ha i heile peparkorn, men då må du ha noko å ha ein peparbehaldar å ha desse i. Hell på vatn. Kok opp og la fårikålen trekkja på svak varme til kjøttet slepper beinet. Dette tek ca 2 timar. Kok poteter og servert alt rykande varmt.