Sist veka hadde eg og fira andre veninnekveld der me laga vårrullar. Nokon hadde gjort det ein gong før, og nokon hadde aldri gjort det før (meg inkludert). Resultatet blei dei beste vårrullane eg har smakt, og sannsynlegvis dei sunnaste sidan me valde å steika dei i ovnen i staden for å fritysteika dei.
|
Vart ikkje så bra bilde då eg brukte mobilkamera i dårleg lys |
Til ca 40 vårrullar treng du:
- 40 vårrullflak (me brukte spring roll pastry frå ein innvandrarbutikk, sjå bilde nederst)
- 2 pk kjøttdeig av svin
- 3 gulrøtter
- 2 lauk
- 1 chili
- 4 fedd kvitlauk
- 1 pk glasnudlar (kjøp i innvandrarbutikk)
- 1 lite kålhovud
- 2 pk Oyster & Spring Onion wok sauce frå Blue Dragon
- soyasaus etter smak
- pepar
- 1 egg, piska (til liming)
- Rasp- eller solsikkeolja
Finhakk lauk og kvitlauk. Skjær gulrøttene i tynne små stenger eller rasp dei om du heller vil det. Hakk chilien i små bitar. Pass på at du fjernar alle frøa. Rasp kålhovudet. Fres lauk og kvitlauk i ei panna. Tilsett hovudkål, og steik til den er mjuk. Tilsett gulrøtter, chili og woksaus. Bland alt godt og smak til med soyasaus og pepar. Steik kjøttdeigen i eiga steike panna. Bland så kjøttdeigen og grønsaksblandinga. Medan denne avkjølar noko lagar du til glasnudlane. Kok opp vatn. Når det kokar tek du panna av plata og legg glasnudlane oppi. Dei skal ikkje koka, berre trekka. Dei er ferdige når dei er mjuke og gjennomsiktige, tek ca 5. minuttar. Del glasnudane i små bitar og bland dei med resten av fyllet. Varm steikeovnen til 225°C. Legg eit vårrullflak på kjøkkenbenken og legg 1.2 ss av fyllet nestenpå midten av flaket.
Rull så vårrullen halvegs saman (bilde nr 2) og ha så litt egg på hjørna for å lima den saman. Forsett så å rulla den som på bildet. Legg vårrullane på ei bakepapirkledd steikeplata. Pensla dei med matolja og steik dei midt i ovnen i 15-20 minuttar. Server med Sweet chili sauce og soysaus.
|
Vårrullflak |