søndag 25. januar 2015

Pana cottta med vaniljekesam og smoothiegele

Dette er det eg vil kalla sunn dessert, og den passar godt for dei som likar noko søtt utan at det blir for mektig. Denne passar òg godt for den av dykk som framleis held ved nyttårsforsette om å vera litt sunnare. Denne oppskrifta har eg frå Det søte liv, men eg halverte den då me berre er to her i heimen ;)
2 porsjonar:

Pana cotta med vaniljekesam:
  • 3 dl vaniljekesam (gjerne lettvarianten)
  • 0.5 dl matfløyte
  • 0.5 vaniljestang (kan sløyfast)
  • 3 plater gelantin
  • 2 ss melis
Smoothiegele:
  • 2.5 dl Bama smoothie eller heimalaga (valgfri smak)
  • 2 plater gelantin
Start med å laga pannacottaen. Legg gelantinplatene i kaldt vatn i 5 minuttar. Ha matfløyten i ein kjele. Vel du å ha i vaniljestanga deler du den og har frøa og stanga i saman med fløyten. Gi det heile eit raskt oppkok og sil av vaniljestanga.
Klem alt vatne ut av gelantinplatene og ha dei i fløyten. Rør godt til platene er heilt oppløyst i fløyten. Avkjøl blandinga til den er lunka.
I mellomtida rører du vaniljekesamen jamn med ein visp. Tilsett så den lunka fløyteblandinga i ein liten ståle medan du rører blandinga jamn, Ha i melisen og rør vidare til denne er godt blanda i. Fordel i 2 dessertskåler og sett kjøling nokon timar til pana cottaen har stivna.

Når panacottaen er stiva laga du til smoothiegeleen. Legg gelantinplatene i kaldt vatn i ca 5 minuttar. Varm smoothien forsiktig opp, men pass på så den ikkje kokar for då kan den lett skilja seg. Ta kjelen av plata. Klem vatnet ut av gelantinplatene og ha den i smoothien. Rør til gelantinplaten har løyst seg heilt opp. Lat så smoothien kjøla seg ned til den er lunka (fingervarm), men forsatt flytande. 
Hell smoothien over panna cottaen og sett skålene tilbake i kjøleskapet nokon timat til smoothiegeleen har stivna. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...