Til 16 scones treng du:
- 5 koppar mjøl*
- 1 ts salt
- 4 ts bakepulver
- 100 g mjukt smør/margarin
- 3-4 gulrøtter, revne
- 2 koppar skumma kulturmjølk
*Når det kjem til sortar mjøl brukar eg litt forskjellig frå gong til gong, alt etter kva eg har i skapet g kva eg har lyst å bruka. Dette er f.eks, ei perfekt oppskrift til å bruka opp små restar av forskjellige mjølsortar. Denne gongen blei det 3 koppar kveitemjøl + 2 koppar sammalt rug.
Forvarm steikeovnen til 230°C. Bland mjøl, salt og bakepulver i ein bolle. Ha så i smøret og bland det med fingarne til det er løyst opp i mjølet. Ha så i gulrøttene (og ost hvis du brukar det). Bland til gulrøttene er dekt med mjøl. Ha så i skumma kulturmjølk og bland godt. Om deigen blir for tør når alt er godt blanda saman har du i litt meir skumma kulturmjølk, om den blir for klissete har du i litt meir mjøl.
Del deigen i fira og klapp kvar del ut til ei flat rund kaka, omtrent på størrelsen med ei lompa. Skjær kvar kaka i fira. Strø på solsikkefrø og linfrø (eller det du har i kjøkkenskapet). Trykk frøa litt ned i sconsen.
Steik sconsen midt i ovnen i 15 - 20 minuttar.