fredag 13. september 2013

Pizza på 1-2-3

Har nett ete noko som berre kan beskrivast som ein heilt himmelsk pizza. Og det besta med den er at det tek ca. 10-15 minuttar å laga frå begynnelse til slutt. Heil perfekt når ein har lyst på pizza, men ikkje orka laga ei heil steikeplata berre til seg sjølv, og er lei frossenpizza ;)
Og så har me juksa litt
Du treng:

  • Pizza tortilla
  • Pizzasaus
  • Kyllingfilet
  • raudlauk
  • mozarella
  • paprika
  • cherrytomater
Veldig enkelt om du brukar den pizzasausen eg brukte (Cremè fraîche med mango og chili) må ein berre røra saman kladt, ingen koking. Forvarm steikeovnen til 250°C. Steik kyllingen litt. Ha pizzasausen og mozarella på lefsa. Kutt paprika, raudlauk og cherrytomater i den størrelsen du vil ha og ha det på. Ha på kylling og dryss ver litt meir mozarella. Steik midt i ovnen i 5-6 minuttar. Server! Om du har er det godt med litt ruccola på. Det hadde ikkje eg i kjøleskapet i kveld, så då blei det ikkje det denne gongen.

Bestemor sine nordlandslefser

Sist veka var eg på besøk til ein av mine eldre søstre, og då kom me til å snakka om nordlandslefsene til bestemor. Og sidan eg er den eg er har eg gått rund å tenkt på at eg ville prøva meg på desse, så då eg var på besøk til bestemor i går fekk eg med meg oppskrifta heim saman med ein del plommer. Veit ikkje heilt kva eg skal gjera med plommene endå, eller om eg skal gjera noko med dei i det heile, men det får me sjå. Eg og bestemor avtalte òg at eg skal komma ut å att plukka epler når dei er modne, så det blir nok nokon epleoppskrifter på bloggen utover hausten vil eg tru. Formiddagen i dag har naturleg nok gått med til å steika lefser. Det tek litt tid når ein ikkje har takka, men må steika ei og ei lefsa i steikepanna, men det er vel verdt det ;) Har òg laga tunfiskpasta til middag i dag, så i dag er det mykje god mat i hus :)
  • 2 koppar kulturmjølk (mørkeblå)
  • 1 kopp rømme
  • 1 kopp sukker
  • 1 kopp smelta margarin
  • 1 beger lys sirup
  • 2 ts natron
  • 3 ts hjortetakksalt
  • 1/2 ts bakepulver i mjølet
  • 800-900 g kveitemjøl + ekstra til utkjevling
I denne oppskrifta er det brukt måleeinheiten koppar. Dette betyr at når du målar opp dei forskjellige ingrediensane (utanom sirupen) du bruka same kopp til alle ingrediensane sånn at det blir riktig mengdeforhold.
Bland alle ingrediensane saman i ein bolle. Rør minst mogeleg, då lefsene blir seige om du rører for mykje. Sett deigen kaldt i kjøleskap eit par timar, gjerne over natta, eller ein time i frysaren. Detter er fordi smøret i deigen skal stivna igjen.
Når du tek deigen ut av bollen er den ganske så klissete, så det er behov for ein del mjøl når ein skal kjevla ut lefsene. Eg prøvde først å kjevla ut heile deigen og trykka ut lefser med ei skål, men detta blei meir gris enn det var vits i. så eg hadde saman att heile deigen igjen og tok heller å skar av små klumpar og så kjevla ut ein og ein. Ein treng ikkje så stor klump til for at det skal bli ein bra størrelse på lefsa sidan det er så mykje hevemiddel i deigen. Ein må nesten berre prøva seg fram og finna ut korleis ein vil ha dei. 
Steik lefsene på medium varme i ei steikepanna med non-stick belegg til dei er gyldenbrune på begge sider. Steikepanna skal vera heil tørr. Legg dei ferdigsteikte lefsene på ei rist under ei kjøkkenhandkle og la dei ligga til dei har kjølna heilt. Så er det berre til å servera. 
Heima hos bestemor er det alltid nordlandslefser med smør og brunost, og eg anbefalar dette på det sterkaste sidan det smakar heilt fantastisk!
Klarar du ikkje å eta opp alle på ei gong går det fint ann å frysa lefsene og ta dei opp ein gong ein får uventa besøk :)

lørdag 7. september 2013

Mørdeigskaka med sjokoladebitar

fridag for meg betyr som regel bakedag, og i dag er intet unntak. Etter litt fram og tilbake om eg faktisk skulle ta å baka i dag òg, kom eg fram til at "Jo, det skal eg". Så eg forsett på kokebok-prosjektet mitt og lagar ei oppskrift eg har funne i ein av kokebøkene mine. I dag bladde eg tilfeldig opp på ei side i "Sjokolade" og fant denne oppskrifta. Sidan det var bruk for så få ingrediensar synst eg denne var ein god idè å laga sidan eg eigentleg ikkje orka noko som tok lang tid eller kravde mange ingrediensar.
  • 115 g smør
  • 115 g kveitemjøl (eg blingsa litt og brukte 155 g, men det fungerte det òg sjølv om kaka kanskje ikkje blei så saftig som den skulle ha blitt)
  • 55 g maizena
  • 55 g sukker
  • 65 g sjokolade (i boka stod det 40 g, men det er jo alt for lite :P )
Forvarm steikeovnen til 160°C. Smør ei lita form. I boka stod det 23 cm paiform med laus botn, men sidan eg ikkje har det så blei det ei 20x20cm firkanta form. Ta det du har i kjøkkenskapet.
Sikt mjøl og maizena i ein bolle. Rør inn sukkeret. Tilsett smør i terningar, og smuldre det inn til blandinga begynnar å binda seg.
Ha deigen i den smurte forma og klem den jamt ned. Prikk overflata med gaffel. Dette klarte eg òg å blingsa på, så ein skulle jo tru eg aldri har lest ei oppskrift før, men det gjekk fint likavel. 
Hakk sjokoladen i bitar og dryss den over deigen. Klem den lett ned.
Steik kaka i steikeovnen i 35-40 minuttar til den er steikt, men ikkje brun. Skjær den i passelege bitar med ein skarp kniv. Avkjøl stykkene i forma i 10 minuttar. Legg dei så på rist, og avkjøl dei heilt...om du klarar å venta då!

torsdag 5. september 2013

Baconsurra torsk med ertepurè

Sidan eg har klart å opparbeida meg ein god stabel med kokebøker dei siste åra har eg no bestemt meg for at det er på tide å gjera nytta av dei. Denne oppskrifta er henta frå "Den rutete kokeboken" til Ingrid Espelid Hovig, min store helt då eg var lita. Det høyrest kanskje ut som ein fancy oppskrift, men er utruleg enkel og grei å laga. Og så gjer det jo ikkje noko at det smakar godt òg.
4 porsjonar:
  • 600 g torskefilet (eller ein filet pr. pers.)
  • salt
  • pepar
  • 150 g bacon
Tin fisken om du brukar fryst fisk. Når fisken har tint sett varm steikeovnen til 250°C. Krydre torsken med salt og pepar. Ha bacon rundt filetane. Legg dei i ei smurt eldfast form og steik dei i ca 10 minuttar.

Ertepurè:
  • 250 g fryste erter
  • 0.5 dl rømme el. crème fraîche
  • salt
  • pepar
  • 0,5 dl hakka graslauk (kan sløyfast)
Kok opp vatn med litt salt i. Ha i ertene når vatnet fosskokar og kok i ca. 1 minutt. La ertene renna av godt av og bland dei med stavmiksar saman med rømme. Smak til med salt og pepar. Bland i graslauk om du har det.
Server med kokte poteter og salat.

tirsdag 3. september 2013

Kylling i karri

Etter ein tilfeldig kommentar om nattmat beståande av kylling og karri klarte eg ikkje å få dette ut av hovudet, så i går blei det kylling i karri til middag. No når det begynnar å bli kaldare ute er det godt med mat med god og kraftig smak, som varmar. Dette er nettopp ei sånn rett.
4 porsjonar:
  • 400 g kyllingfilet
  • 3 fedd kvitlauk
  • 2 lauk
  • 2 ss karri
  • 1 ss spisskummen
  • 1 ts ingefær
  • 0,5-1 ts red curry paste (kan sløyfast)
  • 3 ss tomatpuré
  • 2 dl vatn
  • 3 dl matyoghurt
  • 1 paprika
Hakk kvitlauk og lauk, og steik det saman med karri, spisskummen, ingefær og olja til lauken er mjuk. Del kyllingfilete i passelege bitar og ha den i steikepanna saman med tomatpuré og red curry paste. Red curry paste kan ein få kjøpt i dei fleste innvandrarbutikkar, men om du ikkje har tilgong på dette kan denne ingrediensen sløyfast og evt erstattast med litt meir karri om du vil.
Fres dette i nokon minuttar. Ha så i vatn og kok opp. Kok til kyllingen er gjennomkokt. Ha så i matyoghurten og rør til du har ein jamn gryta. Ha i paprikaen og la gryta stå å putra på middels varme nokon minuttar. Server med ris, grøn salat og rømme.
Om du får restar kan denne gryta fint oppbevarast i kjøleskap nokon dagar eller frysast. Husk å varma opp att langsomt, sånn at den ikkje skil seg.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...