Då me vart inviterte til frokost på 17. mai fant eg ut eg måtte ha med noko så ikkje vertskapet vart nødt til å stå for all maten sjølv. Valget var ikkje så vanskeleg. Potetsalat eignar seg jo i dei fleste settingar no når det er tid for både spekemat og grillmat, og så er det jo noko som mange (dei alle fleste?) likar. Så i dag har eg stått på kjøkkenet å skrelt og kutta poteter som berre det.
8 porsjonar:- ca. 2 kg poteter
- 3dl kesam
- 3 pk lettmajones (3 x165 g)
- 6 ss sitronsaft
- 1,5 ts salt
- 1,5 ts pepar
- 6 ts sukker
- 3/4 hakka purre
Kok, skrell og avkjøl potetene. Del dei så i passande bitar. Bland kesam, lettmajones og sukker. Smak til med salt, pepar og sitronsaft. Skjær purren i ringar. Vend så alle ingrediensane saman og la potetsalaten stå ei stund for å få smak.
Oppskrifta er lånt frå Matprat, men eg kutta ut epler sidan eg ikkje synst noko om sånt i potetsalat. Trippla dessutan oppskrifta sidan det skulle rekka til mange.
Oppdatering 21.05.13: Eg lot min stå i kjøleskap over natta for å godgjera seg, og la dressingen trekkja inn i potetene. Om du ikkje har tid til å la potetsalaten kvila, anbefalar eg å koka meir poteter eller kutta litt ned på kesam og majones, ellers blir potetsalaten litt for rennande synst eg. Forøvrig kan eg fortelja at omtrent all potetsalaten vart eten, så den var ein skikkelig suksess ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar