4 porsjonar:
- 290 (500) g torsk eller anna kvit fisk
- 3 fedd kvitlauk
- 2 vårlauk
- 1 purre
- 2,5 ts karri
- 1 ts gurkemeie
- 3-4 gulrøtter
- 5 dl vatn + 1 fiskebuljongterning
- 1 boks kokosmjølk (light)
- 2-3 ss maizena
- olje + smør
- salt og peppar
Finhakk kvitlauken, og skjær opp vårlauk og purre. Surr detta i litt olja + smør saman med karri og gurkemeie.
Smuldre buljongen i varmt vatn og rør om til alt er så og seia løyst opp. Ha buljongen i og kok opp.
Skjær opp gulrøttene og ha dei i gryta. Pass på at bitane er ca. lika store, sånn at dei blir klare samtidig. La dei koka til dei er møre.
Ha i kokosmjølk og kok opp. Ha i maizena og la det koka til sausen tjukknar. Trekk panna av plata.
Skjær torskefileten i terningar (ca 1x1 cm). Ha dei i panna og la dei trekka til dei er gjennomkokt. dette tek ca 5- 10 minuttar.
Server med fullkornsris.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar