torsdag 12. desember 2013

Lussekattar

Lussekattar blir først og fremst baka til Luciadagen 13. desember. Luciadagen er ein adventstradisjon som blir feira med lys, opptog og mat. Lussekattar er ein typisk svensk gjærbakst. Kvar landsdel har gjerne sin eigen måte å forma lussekattane på. Den forma eg svergar til blir kalla "julegris".
30 lussekattar:
  • 175 g smør
  • 5 dl mjølk
  • 1 pose tørrgjær
  • 0.5 ts salt
  • 2 dl sukker
  • 0.5 ts gurkemeie
  • 1 egg
  • 1.5 l kveitemjøl
  • rosiner til pynt
  • 1 egg til pensling
Smelt smør i ein kjele. Hell mjølka i. Varm blandinga til den er fingervarm. Ha over i ein bolle og bland i salt, sukker, egg og gurkemeie. Bland gjæren i mjølet. Bland i så mykje mjøl atdeigen er godt å arbeida med og slepp bollen. Pass på at all gjæren blir me om du ikkje får bruk for alt mjølet. Dekk bollen med eit klede og la deigen heva i 30-60 minuttar på ein lun stad.
Frovarm steikeovnen til 225°C. Arbeid med deigen nokon minuttar i bollen og ta den så på bakebordet. Elt den smidig. Form lussekattane sånn som du vil ha dei. Legg dei på bakeplater og pynt med rosiner. Dekk med klede og la dei heva i ca 30 minuttar. Pensle med samavispa egg. Steik lussekattane midt i ovnen i 5-10 minuttar. Om du lagar stenger eller store julekaker må du steika på nederste rilla i 15- 20minuttar. Avkjøl på rist.
Her er nokon av formene lussekattane kan ha. Eit lite søk på Google gir deg nok endå fleire versjonar ;)

2 kommentarer:

  1. Hei :-)
    Så flotte lussekatter og fin oversikt over de forskjellige, har aldri sett prestens hår før så takk for den ;-)

    Ha en fortsatt fin førjulstid :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisann!
      Tusen takk for det :) Finst nok endå fleire versjonar av lussekattar. Lilje kan du f.eks. gjer andre vegen så får du eit hjerta :)

      Takk, det må du og dine òg ha :)

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...