Denne oppskrifta gir ca. 60 kjeks:
- 450 g margarin, romtemperert
- 350 g melis
- 200 g sukker
- 4 egg
- 2 ts bakepulver
- 550 g kveitemjøl
- 400 g sjokolade (denne gongen brukte eg 200 g dronningsjokolade og 200 g Freia Melkesjokolade med Non Stop), grovt hakka
- 250 g peanøtter
Forvarm steikeovnen til 200°C. Rør margarin, sukker og melis kvitt. Ha i eitt og eitt egg om gongen, og bland godt mellom kvart egg. Bland inn mjøl og bakepulver. Til slutt har du i sjokoladen og peanøttene. Bruk teskeier og plasser kjeksdeigen på steikebrett. Pass på at det er mellomrom mellom kvar ball då digen vil flyta litt utover i steikeovnen. Steik midt i ovnen i ca 10 minuttar. Avkjøl på rist før du har i lufttett boks. Om du lurar på kor lenge dei held seg, så har eg ikkje svar. Dei pleier alltid å forsvinna lenge før dei blir dårlige ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar