Nok til 3 personar:
- Indrefilet av svin (ca 400 g)
- Nok bacon til å dekkja indrefileten
- 10 store poteter
- Olivenolja
- Krydder
Forvarm steikeovnen til 220°C. Vask potetene og del dei på langs. Ha dei i ein bolle saman med olivenolja og krydder. Bland saman. Legg potetbåtane med skinnsida ned på steikebrett. Sett midt i ovnen. Potetbåtane skal stå i 30-40 minuttar.
Rull bacon rund indrefileten sånn at det dekkjer den heilt. Brun inderfileten i ei varm steikepanna til baconet er gyllent over det heila. Sett eit steiketermometer i indrefileten og legg den i steikeovnen saman med potetbåtane. Steik til kjernetemperaturen er 75°C. Poteter og filet bør vera ferdig samtidig om det blir gjort i denne rekkjefølgja. Husk at indrefileten må kvila 10 minuttar før du skjer i den.
Mild raud mojosaus:
- 1 fedd kvittlauk
- 1 heil raud chili
- 0.5 raud paprika (bytt denne ut med ein til chili om du vil ha sterkare saus)
- 1 ts spisskummin
- 1 ts paprikapulver
- 3-4 ss eddik
- 1.5-2 dl olivenolja
- salt
Ha alle ingerdiensane (utanom salt) i ein liten hurtikmiksar og la den gå ei stund. Smak så til med salt. Om du synst sausen blir for tjukk eller sterk vispar du inn litt vatn. Sett sausen i kjøleskap om det er ei stund til den skal serverast.
Salat:
- Isbergsalat
- Ruccola
- Raspa gulrot
- Paprika
- Agurk
- Avocado
- 1 glas fetaost
Lag salaten medan indrefileten kviler seg, og så er det berre til å nyta eit betre måltid :)