Desse laga eg for første gong for mange år sidan. Dette er pepperkaker etter min smak: med sjokolade. Oppskrifta er lånt frå
Mat på bordet, men eg har endra litt på den.
ca. 30 peppekaker:
- 200 g kokesjokolade, hakka
- 275 g kveitemjøl
- 1.25 ts ingefær
- 1 ts kanel
- 0.25 ts nellik
- 0.25 ts muskat
- 2 ts bakepulver
- 1 ss kakao
- 200 g brunt sukker
- 0.5 beger (250 g) lys sirup
Bland saman alle dei tørre ingrediensane: mjøl, ingefær, kanel, nellik, muskat, bakepuulver og kakao. Visp saman smør og brunt sukker til alt er blanda. Tilset sirup og miks det godt saman.
Sikt i dei tørre ingrediensane og bland godt. Ha så i den hakka sjokoladen og kna den inn med hendene.
Ha deigen ut på plastfolie og trykk den ut til ei plata som er 2-3 cm tjukk. Pakk plastfolien godt rundt og legg til kjøling eit par timar, gjerne over natta.
Når deigen har avkjølt seg nok trillar du den ut til kulen på 2-3 cm i diameter. Sett desse på ei bakepapirkledt steikeplata med 5 cm avstand mellom dei. Kjøl i 10 min. Varm ovnen til 170°C. Steik så pepperkanene midt i ovnen til overflata sprekk noko, ca 10-14 minuttar. Avkjøl i ca.. 5 minuttar på steikebrettet før du har dei over til vidare avkjøling på rist. Oppbevar tørt og i ein tett kakeboks.