Okay, no skal de få oppskrifta på den absolutt beste sjokoladekaka som finst. Ingen over ingen ved sidan av! Hadde eigentleg tenkt å venta med denna til eg har bursdag sidan eg har laga, og kjem til å fortsetta å laga den til meg sjølv kvart år. Grunnen til at de får den over ein mnd for tidleg er at eg skal i bursdag i morgon og eg tilbydde meg å laga ei kaka. Eigentleg hadde eg planar om
Smashkaka, men det var behov for ei i langpanna, så då blei det denne sidan alle eg har servert denne til har hatt berre godt å sei om den. OG sjølvsagt fordi eg elskar den og den er 99,9% idiotsikker for min del ;) Anar ikkje kvar oppskrifta eller namnet kjem i frå, me har hatt den som fast bursdagskaka så lenge eg kan huska. Og så ein advarsel før de får oppskrifta: Dette er ei
skikkeleg kaloribomba, så om du skyr det som pesten kan du berre slutta å lesa no.
Til ei langpanna av den typen du får med komfyren treng du:
- 400g margarin
- 4,5 dl varmt vatn
- 7 strøkne ss kakao
- 9 dl kveitemjøl
- 9 dl sukker
- 1 ts salt
- 4 egg
- 2,5 dl rømme
- 2 ts natron
Sett steikeovnen på 180°C. Smelt margarin på svak varme. Medan margarinet smeltar blandar du egg og sukker. La margarinet kjølna litt når det har smelta, ha det så i bollen. Bland kakaoen med vatn. Mål opp mjøl, natron og salt i eit litermål e.l., og ha ca 1/3 i bollen. Bland. Ha i halvparten av kakaoblandinga. Fortsett med å blanda annakvar mjølblanding og kakaoblanding til du har hatt alt i. Ha så i rømmen til slutt og bland godt. Hell røra i smurt langpanna med bakepapir. Steik nederst i ovnen i 40-50 minuttar. Det skal ikkje vera noko røra på kakepinnen når du sjekkar.
Når kaka nesten er ferdig kan du begynna med kremen. Til den treng du:
- 150 g margarin
- 9 ss mjølk
- 6 ss kakao
- 525 g melis
- 1,5 ts vaniljesukker
Smelt margarinet og bland alle ingrediensane godt. Kremen kan virka ganske hard og vanskeleg å jobba med, men det er sånn den skal vera for kremen skal nemleg på kaka medan den framleis er varm. Når du tek kaka ut av ovnen stikk du hol i den, gjerne med ein gaffel. Ha så på kremen. Den vil då smelta og rennna ned i hola, sånn at kaka blir ekstra god og saftig heile vegen gjennom. Nam!