Når eg får spørsmål om eg ikkje kan laga ei kaka til bursdagsselskap og eg attpåtil står heilt fritt til å laga kva eg vil, finst det ikkje nei i min munn. Denne kaka blei laga til fine Hilde som fyller heile 25 år i dag, og bursdagspresangen hennar i årt vart
kandiserte appelsinskal med sjokolade.
Konfektkaka er mektig og god med mykje sjokoladesmak. Om den blir for mektig kan det vera fint å anten servera den med vaniljeis eller peanøtter, eller begge delar om ein vil det ;)
- 180 g smør
- 250 g mørk kokesjokolade
- 2,5 dl sukker
- 4 egg
- 4 ss kveitemjøl
- 1.5 ts bakkepulver
- 1 ts vaniljeessens
- 4 ss rømme eller 3 ss rømme + 1 ss vaniljeyoghurt
Glasur:
- 300 g kokesjokolade
- 2 dl kremfløyte
Forvarm steikeovnen til 175°C. Smelt smør. Ta kjelen av panna og ha oppdelt sjokolade i. Lat sjokolade smelta i smøret, og rør blandinga til den er janm. Visp egg og sukker til eggedosis. Rør i sjokoladeblandinga, som no skal vera litt avkjølt. Sikt i mjøl og bakepulver, og bland i rømme (og vaniljeyoghurt) og vaniljeessens. Ha bakepapir i botn av ei rundform (24-28 cm i diameter) og smør sidene med f.eks. formfeitt. Ha røra i rundforma og steik midt i ovnen i 40-50 minuttar. Sjekk med kakenål. Når den kjem ut rein er kaka ferdig. Avkjøl kaka i forma.
Kok opp kremfløyten. Ta kjelen av plata og tilsett kokesjokoladen. Rør til sjokoladen har smelta og lat den avkjøla i romtemperatur til den har god smørekonsistens. Ta den kalde kaka ut av forma og fjern bakepapiret. Del kaka i to og legg den eine delen på serveringsfat. Fordel ca 1/3 av glasuren mellom kakebotnane. Ha den andre delen på og ha resten av glasuren på toppen og sidene. Pynt kaka med det du vil og avkjøl til glasuren har blitt stiv.
Ta kaka ut i romtemperatur 30 minuttar før den skal etast, då den smakar best då.