Denne oppskrifta gir 8 stk:
- 4 dl sammalt kveite (fin)
- 1 ts salt
- 1 ss maizenna
- 3 ts bakepulver
- 150 g cottage cheese
- 2 dl ekstralett melk el skumma melk
Sett steikeovnen på 220°C. Bland alt det tørra. Tilsett cottage cheese og melk. Rør deigen jamn og del den i 4 delar. Lag flate runde kaker, ca 15 cm i diameter, og legg dei på ei steikeplata. Skjær eit kryss i kvar kaka før du steiker dei. Ha dei i steikeovnen i ca 15 minuttar. Pass på at dei ikkje blir fr mykje steikt utanpå. Om dei begynnar bli brukne før steiketida er omme, sett ned varmen noko. Når du tek dei ut kan dei virka noko uferdige, noko som gjor at eg ikkje var heilt fornøgd me dei. La dei bli omtrent heilt kalde før du skjær dei opp, så er dei heilt super konsistenst på og smakar kjempe godt! Eg laga 8 stk i går, no er dei ein att ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar